Om DOKUMENTARKIVET
Jærmuseet har sidan oppstarten samla arkiv og katalogmateriale frå sine primære samlingsområde, m.a. landbruk og potteri. Blant desse finn me mange spennande dokument.
Med DOKUMENTARKIVET ønskjer Jærmuseet å trekka desse dokumenta fram i lyset. Me startar med samlinga av produktkatalogar frå Kvernelands Fabrikk A/S og vil etter kvart leggja ut materiale frå andre delar av samlinga vår.
Me ønskjer at besøkande på nettsida vår skal ha ein enkel og grei tilgang til materialet.
På hovudsida til DOKUMENTARKIVET er det muleg å søkja i fritekstfelt. Her har du tilgang til alt materiale som er lagt ut og ligg i databasen. Det er mogleg å avgrensa søket for å få det meir presist.
Ønskjer du å få tak i meir spesifikt materiale, er det mogleg å bruka Avansert søk. Her kan du søkja i enkelte felt som beskriver materialet nærare:
- Publikasjonstype – Felleskatalog, katalog, delekatalog, prisliste eller brosjyre
- Utgjevar av publikasjonen
- Utgjevingsår
- Produkttype
- Produktnamn
Når ein har gjort eit søk og funne det ein ønskjer, er det muleg å bla i katalogen eller å lasta han ned til eigen PC.