Kataloger fra Kvernelands Fabrikk / Kverneland ASA
Her er vår samling av prislister, katalogar og brosjyrar frå Kvernelands Fabrik i norsk språk. Materialet er både frå det historiske arkivet til Kvernelands Fabrikk A/S og katalogsamlinga til Jærmuseet.
Den eldste bevarte prislista hjå oss er frå 1886. Den gang blei det produsert plogar, ljåar, sauemerkeklavar, sakser, knivar og skufler. Etter kvart endra produktutvalet til Kvernelands Fabrikk A/S seg. Det blei satsa sterkt på plogproduksjon og seinare på framstilling av svansar, som høysvans, steinsvans eller silosvans.
Gjennom historia har Kvernelands Fabrikk A/S kjøpt opp fleire andre bedrifter som produserte landbruksmaskinar. Dette hadde innverknad på sortimentet til konsernet.
I 1955 ble Globus Maskinfabrikk AS i Brumunddal kjøpt. Dermed kom såmaskinar med i produktutvalet. Men desse dukka først i 1971 opp i Kverneland sine katalogar. Fabrikken på Brumunddal blei nedlagt i 1987 i samanheng med internasjonaliseringa av konsernet. Det er også det året såmaskinar blir presentert for siste gong i reiskapskatalogen til bedrifta.
I 1984 blei Kyllingstad AS på Kleppe kjøpt. Gjødselvogner og grubbar blei ein del av sortimentet til Kvernelands Fabrikk A/S. Fabrikken på Klepp blei nedlagt i 1986. Same året er gjødselsvogner og grubbane for siste gong presentert i katalogen.
I 1986 fusjonerte Kvernelands Fabrik A/S med Underhaug AS på Nærbø. Med denne samanslutninga kom det gras- og potetmaskinar som hypper, potetsettare, potethaustare, potetopptakare og rundballepakkare med i programmet og katalogen.
Det nyaste materiale som Jærmuseet har publisert er frå 1990-talet. Denne gongen ga Kverneland Norge AS ut reiskapskatalogar over heile sitt sortiment. I reiskapskatalogen frå 1991 finnar vi plogar, steinutstyr, harver, potet- og grashandteringsutstyr.
Jærmuseet har nå lagt ut alt materiale som finst i eigne samlingar. Dette gir eit godt oversyn over Kvernelands Fabrikk A/S sin produksjon frå slutten av 1880-talet fram til 1990-talet.
I arbeidet med materialet har me valt å publisera eit eksemplar av kvar publikasjon. Særskild i byrjinga likna kvar prisliste den frå året før. På 1950- og 1960-talet blei plog- og svansebrosjyrane trykt i mange opplag, som bare har små forskjellar. Derfor kan det verka som om nokre publikasjonar i databasen finst dobbelt.
Alle publikasjonar er merka med stikkord når det gjeld produkttypar. Eldre publikasjonar er også registrert med namn til produkt som blei omtalt i den. Frå midten av 1970-talet blei produktnamna bytta ut med produktnemningar med forskjellige bokstavar for modellane. Disse nemningar er svært finmaska. Derfor har me valt å ikkje registrera produktnemningar under produktnamn. Stikkorda for produkttypar og produktnamn gir ein peikepinn og lettare tilgang til å finna informasjon over dei enkelte produkt. Ønskjer du betre oversyn viser me til vår nettside. Her ligg dokument over kva tidsperiode Kvernelands Fabrik har produsert dei enkelte produkt frå 1879 - 2006.
Historisk sett har Kvernelands Fabrik reklamert på følgjande måte:
De første 20 åra blei det trykt prislister over produkta. Den eldste prislista i Jærmuseet sine samlingar er frå 1886. Den eldste felleskatalogen over produksjonen til bedrifta blei publisert i 1918. Gjennom 1920-åra blei det trykt opp fleire felleskatalogar samt enkelte katalogar over nokre produktgreiner.
I 1932 finner vi den første brosjyren, altså den første reklametrykksaka som bare omhandlar eit produkt. Den gong reklamerte Kvernelands Fabrik for veghøvelen Odin.
Gjennom 1930-talet fortsette Kvernelands Fabrik å reklamera med prislister og felleskatalogar. Denne måten å tilrå sine produkt blei det mindre av under og rett etter krigen. Det er verdt ein merknad at under krigen auka opplaget av brosjyrer over knivar.
På 1950-talet kom ein stor omvelting. Nå skyt produksjonen av brosjyrer fart. Kvar produkttype får ei brosjyre. Desse får store opplag, nokre gonger fleire opplag i året. Denne utviklingen fortset på 1960-talet.
I 1971 blei den første ”Redskapskatalogen” utgitt, dvs. ein samlekatalog. Samtidig sluttar Kvernelands Fabrik A/S å publisera det store talet enkeltbrosjyrar. Reiskapskatalogane blei utgitt årvisst fram til 1990-talet.
Etter 1990 går Kverneland igjen over til brosjyrar per produkt eller produktgruppe.